Prosten inviterer til bilgrimsferd og kyrkjesafari – ei uhøgtideleg rundreise med start frå Tingnes kyrkje til eit variert utval av kyrkjer i Valdres. Kyrkjene ligg som smykkar i eit smykkeskrin og no blir det høve til litt betre kjennskap til den tusenårige historia som kyrkjene våre er ein del av. I og ved kyrkjene vil det bli musikalske og kulturelle innslag og vi får små innblikk i dei ulike kyrkjene sitt særpreg.
Bli med på ein triveleg tur med gode opplevingar og god stemning!
Kaffi undervegs og felles middag på Beitostølen.
Påmelding: Vang kyrkjekontor; E-post: gh575@kirken.no Tlf: 41 26 51 78
Prost Carl Philip E-post: cw478@kirken.no Tlf: 91 55 55 04
Påmeldingsfrist: Fredag den 28. april
Pris: Kr. 550,- pr. pers. Dekker bussreise, kaffe/te, middag på Beitostølen.
Betalast til kto: 2146 30 04444 eller Vipps nr.
Hugs å merke betalinga: Bilgrimstur
Oppstart: Tingnes kirke kl. 09.30 – avslutning same stad ca kl. 16.30.
Besøk i følgande kyrkjer: Øyjar kapell, Slidredomen, Lomen kyrkje, Høre Stavkyrkje, Lyskapellet, Lidar kyrkje.